4.5. Å beskjere eit bilete

Figur 3.27. Eksempel på beskjering

Eksempel på beskjering

Originalbiletet

Eksempel på beskjering

Etter beskjeringa


Det kan vere mange grunnar for å beskjere eit bilete. Kanskje ønskjer du at biletet skal fylle ei ramme eller du føler for å fjerne ein ubrukbar bakgrunn for å markera hovudmotivet betre. Du kan aktivere beskjeringsverktøyet ved anten å klikke på symbolet i verktøykassa (den enklaste måten) eller frå menyen VerktøyTransformeringsverktøyaBeskjer. Når beskjeringsverktøyet er aktivt, vil markøren forandra seg, og du kan klikke på eit vald startpunkt og dra eit rektangel ut på biletet så lenge du held museknappen nede.

Figur 3.28. Marker områet som skal beskjerast

Marker områet som skal beskjerast

Klikk på eitt av hjørna i det klippeområdet og dra musepeikaren for å få fram beskjeringsrektangelet. Skulle du ha vore litt unøyaktig, kan du finjustere seinare.

Figur 3.29. Innstillingane for beskjeringsverktøyet

Innstillingane for beskjeringsverktøyet
Innstillingane for beskjeringsverktøyet

Når klikk-og-dra-rørsla er avslutta, vil det stå igjen eit rektangel som viser det utvalde området. Flytter du musepeikaren over dei ulike områda i utvalet, vil utsjånaden på peikaren forandre seg for å vise kva retning du kan dra rektangelet for å forandre storleiken på det. Som vist i biletet over, vil storleiken og sideforholdet bli vist i statuslinja. Du finn meir informasjon om beskjering i Del 4.4, «Beskjering». Ønskjer du å gjere utvalet t.d. kvadratisk, må du forsikra deg om at verktøyinnstillingane er synlege. (Er dei ikkje synlege, bruk VindaugeDialogvindaugeVerktøyinnstillingar). Finn fram til verktøyinnstillinga «Fast». Dersom det ikkje er markert i ruta framføre, klikk i ruta slik at markeringa kjem fram. Sjå også etter at det i ruta etter «Fast» står «Sideforhold». Du kan nå skrive inn sideforholdet i ruta nedanfor. For å lage eit kvadrat, skriv du «1:1» her. Like til høgre for denne ruta finn du knappar for å velje mellom ståande eller liggjande format. (Ikkje aktuelt ved kvadrat, men nyttig for andre sideforhold). Endeleg kan du nå ta tak i eit hjørna i beskjeringsrektangelet og dra i ei eller anna retning. Rektangeleg vil nå halde på sideforholdet du bestemte.